Arne Eik, Equinor (frem til våren 2025... - artikkelen er skrevet til Festskrift Brattebø, og da var han i Equinor)
Søndag, lett snøfall ute. Stille i gatene. Kaffikoppen er full. Eg prøver å konsentrere meg om korrekturlesing av ein søknad frå arbeidsplassen min Equinor. Me konkurrerer med andre utviklarar om å få lov til bygge havvind, og søknaden omhandlar mellom anna kva som skal til for å få til ei bærekraftig utvikling av området Sørlige Nordsjø II. I dette området skal det byggjast botnfaste havvindsturbinar. I tillegg er eit anna område, Utsira Nord, opna opp for utvikling av flytande havvindsturbinar. Me konkurrerer om å vere best på bærekraft. Men, vent, er det ikkje mykje gamal kjent ordbruk frå industriell økologi i denne havvindssøknaden? Minner frå lunsjdiskusjonar mellom oss stipendiatar og andre studentar i industriell økologi på NTNU kjem til meg. I havvindssøknaden finn eg ord og vendingar frå industriell økologi-litteraturen som økologisk fotavtrykk, sirkulær økonomi og livsløpsperspektiv. Det får meg til å undra meg kor me er snart 30 år etter at Brattebø og andre byrja å forska på og starta å undervisa i industriell økologi og bærekraft?Det får meg til å stilla spørsmålet om den relativt nye havvindsindustrien som eg jobbar i, og som kom i gong omtrent samstundes med industriell økologi på NTNU, kan vere eit eksempel på industriell økologi og bærekraft i praksis?
Ole Jørgen Bratland/ © Equinor
Me skriv i havvindssøknaden at «Vår ambisjon er i tråd med regjeringas ønske om å legge til rette for at utvikling av havvind skal skje på en bærekraftig måte som tar hensyn til klima og miljø». Kva betyr eigentleg dette? Klarar me å byggja ein havvindsindustri som famnar om heile bærekraftsbegrepet? For å få til dette så må investeringane i denne næringa bidra til reduserte klimautslepp samstundes som det ikkje går utover natur og miljø. Arbeidsplassar må skapast utan at pengesekken til myndigheiter og investorar vert tømd.
I 1996, året då NTNU starta opp med undervisning i industriell økologi, var verdas totale CO2-utslepp på 24.2 Gt. I 2022 hadde utsleppa auka med meir enn 50 %. Det gode nyheita er at andelen av fornybar energi på verdsbasis har auka frå 7 % i 1996 til 13 % i 2022. Vindkraftandelen har auka frå 0,002 % til 3 %. I 2022 utgjorde havvind 7 % av totalt installert vindkraftkapasitet i verda. Fornybar energi aukar altså, men det hjelp svært lite då bruk av fossil energi (kol, olje og gass) nesten har dobla seg dei siste 25 åra. Er ambisjonane i Parisavtalen realistiske? Kva tid, utan at me må dra på oss meir pandemi, skal verdas utslepp av CO2 byrja å gå nedover og til 0 mot 2050 slik at me den gjennomsnittlege temperaturauken i verda ikkje blir meir enn 1.5 C?
Det internasjonale energibyrået (IEA) held fortsett døra open for at 1.5 graders-målet kan nåast. I rapporten Net Zero Roadmap[1] som kom ut i haust viser dei at ein tredobling av installert fornybarkapasitet innan 2030 samanlikna med i dag vil kunne gje ein tredjedel av dei utsleppskuttasom er nødvendig for at verda skal komma på rett spor mot 1.5 gradersmålet. Dette er eit svært ambisiøst mål, men er ikkje umogleg – det som krevst er ein litt høgare årleg vekstrate enn det me har sett i perioden 2015-2022. Men det er viktig å merka seg at i dette scenariet så vil arealbruken til vind, inkludert havvind, vere fire gongar høgare enn i dag. Er det mogleg å få til utan arealkonfliktar?
Diskusjonen rundt bruken av areal vindkraft på land i Noreg er eit godt døme på at ei utvikling som IEA skisserer kan vere utfordrande, og at det vil vere krevjande å balansera ulike bærekraftsmål. For kva er viktigast? At nye energikjelder som vindkraft på land skal vere fornybare og ha ein lågast mogleg kostnad, eller at landområde skal skjermast frå utbygging av gigantiske vindmøller som krev store landområde. Er det viktigast å redusera å byggja ny fornybar energi og redusera CO2-utsleppa, eller er det viktigare å bevara biomangfaldet og sikra urfolk sine rettighetar? Kan me få til begge delar om me snakkar saman for å finne løysingar som alle kan leve med? Kan me finne eigna landområde kor det er bra vindforhold og kor det ikkje har stor innverknad på natur og andre interesser. Kanskje det ikkje var så dumt av meg å baka inn industriell nettverksteori inn i doktorgraden min om systemet for innsamling og resirkulering av tomflasker. For i nettverksteorien handlar det, enkelt sett, om å forstå at ulike aktørar har ulike perspektiv, men at det likevel kan finnast gode løysingar for alle. Sjølv har eg brukt mange arbeidstimar i Equinor på å ta imot kjeft frå fiskarar fordi me ikkje involverte dei godt nok, og tidleg nok, når me skulle bygga havvindsparken Hywind Tampen. Fiskarane ville at me skulle flytta på eit par av vindturbinane som dei meinte sto i vegen for fisket deira, og når me endeleg kom i dialog med dei så var prosjektet kome for langt. Vindturbinane kunne ikkje flyttast. Her kunne me funne ei løysing om me hadde snakka saman på eit tidlegare tidspunkt. Får me dette til betre på Sørlige Nordsjø II og and framtidige havvindsprosjekt i Noreg? Klarar me i Noreg å få til løysingar som både fiskeri og havvindsindustrien kan leva med, og likevel nå Regjeringas ambisjonen om å bygge like mykje fornybar kraft på havet innan 2040 som me har på land i Noreg i dag? Kan me få til den gode sameksistensen mellom ulike næringar og interesser? Klarer me å hindra at fugleaktivitet ikkje blir ramma av havvindsparkar? Får me til å resirkulera alle komponentane i einvindturbin og stål- eller betongfundamenta til turbinen? Klarer me å løyse både klima og naturkrisa?
Kjelde: Equinors havvindsøknad for Sørlige Nordsjø II
Eit industrielt system må vere øko-effektivt heitte det i delar av industriell økologi-litteraturen. Det betyr at eit systemet må vere effektivt og godt både utifrå eit økonomisk og økologisk perspektiv. Eg kan ikkje hugsa at me brukte omgrepet energitransformasjon, og i alle fall ikkje det grøne skiftet, når me hadde våre lunsjdiskusjonar på Dragvoll og Gløshaugen. Ikkje snakka me om at dei nye næringane i Norge, som havvind, skulle utviklast ved å stå på skuldrane til olje-og gassindustrien. Men me snakka om lock-in effektar. Det at investeringar me tar ein dag vil kunne hindra investeringar i alternative løysningar i mange år framover. I dag står olje- og gassinntektene for om lag ein tredjedel av det norske brutto nasjonalproduktet (BNP). Olje- og gassinntektene kan gje Noreg eit fortrinn i å utvikla nye grøne næringar. Men nyttar me oss av sjansen? Brukar me kapital, verkstadkapasitet og kompetanse frå olje- og gassindustrien til utvikling av havvind, eller er det slik at dei store inntektene frå petroleumsverksemda heller får oss til å fortsetja å fokusere vidare på denne industrien? Er det kanskje slik at me prøver å få til begge delar? Ein ting er i alle fall sikkert - Noreg med sine store havområde og ypparlege vindforhold har enno ikkje kome skikkeleg i gong med havvind, medan til dømes Danmark har halde på med dette i 30 år. Det krevst mykje pengar, og kanskje også subsidiar i ein overgangsfase, men kostnadane for havvind har gått ned med om lag 60 % frå 2015-2022. Det siste året har dei gått noko opp igjen grunna inflasjon og aukte råvarekostander, men mange trur at dette vil kunne snu igjen. I følgje Thema Consulting vil ei storstilt utbygging av havvind i Noreg kunne gje meir enn 50.000 arbeidsplassar. Kva er grunnane til at Noreg, i motsetning til Danmark og mange andre land, ikkje ser ut til å sjå dette potensialet? Her er mykje god tverrfagleg mat for nysgjerrige studentar og stipendiatar.
Kjelde: Thema Consulting, juni 2021
Tilbake i havvindsøknaden for Sørlige Nordsjø II undrar eg meg om me får til industriell økologi og bærekraft i praksis? Får me til «å legge til rette for at utviklinga av havvind skal skje på en bærekraftig måte som tar hensyn til klima og miljø» og såleis vere eit bidrag til å oppnå FN bærekraftsmål i 2030? Det trur eg me må få til, og det trur eg me skal få til. Utvikling av havvind er viktig for å kunne oppnå lågast mogleg temperaturauke på jorda. Me må finna eigna område for havvind som gjev best mogleg sameksistens med natur, miljø og andre interesser. Og dette vil vere ein industri som kan gje økonomisk vekst og skapa mange arbeidsplassar. Men det går ikkje av seg sjølv – her må mange snakka saman.
[1]Net Zero Roadmap: A Global Pathway to Keep the 1.5 °C Goal in Reach - 2023 Update (windows.net)
Får ærespris for utvikling av banebrytende teknologi for å rasjonalisere høsting og ta bedre vare...
Her er et unikt innblikk i historien bak den banebrytende Vannrensegruppa ved NTH/SINTEF! Hallvard...
NTNU Bærekraft har jobbet for å transformere byer og lokalsamfunn mot en bærekraftig fremtid. Denne...
På verdensbasis består dagens energiforsyning av mer enn 80 % fossile ressurser. Dersom vi skal...
Solenergi har i løpet av en kort periode på under 20 år gått fra å være en dyr og nisjepreget...
Denne boken er et festskrift til professor Helge Brattebø, utgitt av NTNU og NTVA. Den hyller...
Bærekraftig utvikling er en nøkkelutfordring i vår tid. Med et økende globalt fotavtrykk, har vi...
NTVA og samarbeidspartnere inviterer til seminar om skiteknologi og bærekraft i skiidretten. Hør...
Sirkulær økonomi sikter mot optimal bruk av jordas ressurser for å sikre bærekraft og verdiskaping...
Kunstig intelligens (KI) er både en vitenskapelig disiplin, en ingeniørdisiplin, en...
Det bygges nå en rekke storskala battericellefabrikker i Europa med en forventning om å etablere...
Det er ingen kommentarer her enda.
Du må logge inn for å kommentere.