NTVA møter

/NTVA møter
NTVA møter 2017-04-18T13:01:53+00:00

Bergen: Møte 21. november 2017

tirsdag, 21 nov 2017

Tidspunkt: 19:00 – 22:00

Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen 100 år


Geofysikkens historie – fra Vøringen til Universitas Bergensis


Magnus Vollset, forsker i vitenskapshistorie, AHKR, UiB

Da geofysisk institutt sitt bygg åpnet i 1928, var det en verdensnyhet: «Den lille nordiske by Bergen – skipshavn, fiskehavn, handelsby – har gjort mer for vitenskap i de siste par generasjoner enn mange – for ikke å si de fleste – universitetsbyer», åpnet et stort oppslag i Nature i anledningen. Hva var det geofysikkmiljøet hadde bidratt med?

Dette innlegget vil dreie seg om geofysikken fra Den Norske Nordhavsekspedisjonen la fra havn i 1876, med jakten på lovene bak havet og atmosfærens bevegelser som ett av motivene, til instituttets grunnlegger Bjørn Helland-Hansen gikk av med pensjon, og Carl Ludvig Godske rundt åpningen av Universitetet i Bergen i 1948 advarte om at meteorologi var mer enn «bare» værvarsling. Hovedvekten vil ligge på tiden i mellom: biologisk stasjon, Geofysisk institutt og hvordan de to bergensskolene i oseanografi og meteorologi satte Bergen på det vitenskapelige verdenskartet. Gjennom en kombinasjon av systematiske observasjoner og nye fysiske modeller, la geofysikerne i Bergen grunnlaget både for moderne værvarsling og fysisk oseanografi.

Framvekst av den moderne geofysikken og utfordringar for Geofysisk Institutt i dag


Nils Gunnar Kvamstø, instituttleder Geofysisk Institutt

Dette innlegget vil fortsetja forteljinga om Geofysisk Institutt, og om kva som har prega forskinga og undervisninga frå Universitetet i Bergen opna i 1948 fram til i dag. Generasjonen etter Bjerknes og Helland-Hansen sto ved roret ved Geofysisk Institutt  då UiB vart etablert like etter 2. verdskrig. Dei vart svært sentrale på ulike vis i utviklinga av det nye fakultet, både med omsyn til profil og undervisningstilbod.

Lokalt på instituttet, vart det utvikla nye nisjer i meteorologi og oseanografi med tette band til instrumentutvikling. Dette prega også utdanningstilbodet. Det var fleire vurderingar bak retningsvala, men ein viktig ein  var at vi saman med søsterinstituttet ved UiO kjende eit sterkt nasjonalt ansvar for  å dekka breidda i faga.

På slutten av 1980-talet og utover på 90-talet dreia fokuset i forskingsspørsmåla og spesielt endra forskningsmetodane seg vesentleg mot å bli meir berekningsorienterte. I denne perioden vart grunnen budd for at instituttet fekk ein sentral plass, og etter kvart vertsrolle, i det framveksande klimasamarbeidet i Bergen som blei formalisert som Bjerknessenteret.

Ser vi på dei forskingsspørsmåla som i dag er sentrale ved instituttet, fell dei i stor grad saman med dei tema som var utgangspunktet til Helland-Hansen og Bjerknes, men sjølvsagt med nye metodar og ny teknologi og i ein heilt annan bredde.

Nokre av forskningsaktivitetane vi arbeider med i dag har eit tradisjonelt utgangspunkt i nyskjerrigheit, medan andre er motivert ut frå store samfunnsspørsmål. Dei tematiske og meir samansette spørsmåla er problematisk for universiteta, dels fordi relasjonane til dei akademiske ideala er meir komplisert, og dels fordi dei krev tverrvitskapleg samarbeid som er krevjande i vår tradisjon. Dette utfordrar oss særleg på korleis vi arbeider og ikkje minst samarbeider og lærer opp studentar til å takla framtidas utfordringar. Det er i dette spenningsfeltet nye idear og aktivitetar veks fram ved instituttet no.

Møtene i Bergen blir arrangert i samarbeid med Tekna.

Møtet er åpent for alle interesserte.

NB: Dette arrangementet holdes i Aulaen ved Universitetet i Bergen

Arrangementssted

Aulaen, Universitetet i Bergen
Museplass 3
Bergen,

Påmeldingsavgift:

Påmelding Gratis